Denne invitasjonen går det ikke an å si nei takk til

Publisert

Øystein Moi er pressesjef under Landsskytterstevnet på Evje 2. til 9. august. Mandag gikk invitasjonen til stevnet ut til pressen og det var en invitasjon det blir vanskelig å si nei takk til. 


- Eg hugsar nesten ikkje dette. Det er lenge sidan eg skreiv denne invitasjonen. Nett no er eg på ferie, for det vert ikkje mykje ferie seinare denne somaren. Bilete? Eg får taka eit bilete her i  bobilen då, sier pressesjef Moi til N247 mandag kveld. 
Bildet kom, og her er Mois invitasjon til pressen landet rundt;
"Vyrde pressefolk – frå heile Noreg
LS 2019, den store folkefesten på Evjemoen, tilhøyrer i desse dagar vår nære framtid. 
Hovudkomiteen melder om god framdrift, travle dagar, seine kveldar – men samstundes god kontroll på det aller meste.

Som pressesjef  for LS 2019 er det ei ære, og ikkje minst ei stor glede, å ynskje eit talrikt pressekorps frå heile Noreg hjarteleg velkomen til regionsenteret i indre Agder. Nedre Setesdal – og midt i Agder.

”Compact Games” er eit velkjend omgrep i idrottskrinsar – både nasjonalt og internasjonalt. Eit omgrep me så avgjort vil setje i høgsetet i dagane 02. – 09. august. 
På Evjemoen vil det aller meste vere stuttreist. Alt frå mat og drikke – til avstanden mellom campingvogna og skytebanen, avstanden frå campingplassen til handlegata i Evje sentreum – og ikkje for å gløyme avstanden til eit eventyrleg fiske i elva Otra.  Her kan du beint fram sitje i forteltet og hente heim middagsmaten – få meter frå kulegrillen, reiseradioen og solsenga.

Pressesenteret ligg midt på stemneplassen. I andre høgda på det flotte skyttarhuset er det no rigga til to høvelege rom for meir enn 50 skrivande bladfykar. 
I fyrste høgda er det skrudd i hop eit greit kjøkken kor me kvar dag vil hente fram kruttsterk kaffe og velsmakande vaflar med jordbærsylt. Ja du skal heller ikkje sjå bort frå at det stundom kan dukke opp nokre små, stuttreiste - og kulinariske øveraskingar i løpet av skyttarstemnet. Kjøkkensjefen he sine eigne planar. Lommeboka kan du leggje att i bilen. Me lovar å take i mot våre gjester slik det høver seg på denne kanten av landet. 

Søndag 04. August er du invitert til pressemiddag og sosialt samvær i gruvegangene under Setesdal Mineralpark. Åstaden for ein av Sørlandets aller største turistattraksjonar. Ei oppleving du så avgjort bør finne plass til i almanakka. 
Her vil me servere stuttreist rjomegraut, heimebaka flatbrød og velsmakande spekemat. Alt med tilhøyrande drykk av aller beste slag. Vår lokale trubadur, Vidar Frøysnes, vil underhalde gjestane våre med både ord og tonar. Setesdalskultur på sitt aller beste. Stuttreist. Sjølvsagt.

Køyreturen frå Evjemoen – til Mineralparken tek omlag fem minutt. Pressetreffet vert skipa til i eit samarbeid med DFS – og me vil syte for at moderne rutebilar vil frakte Dykk trygt fram – og attende. Båe vegar.

På vegne av hovudkomiteen er det ei stor glede å ynskje kvar einskild av Dykk hjarteleg velkomen til LS 2019. Velkomen til bygda vår, velkomen til pressesenteret – og velkomen på pressemiddagen.

Ver gild og meld deg på så raskt som råd, og ikkje ver redd for å bruke telefonen eller tastaturet dersom det er noko du lurer på. 

Vensamt – og beste helsing"
Øystein Moi / pressesjef
Sist oppdatert 17.06.2019 klokken 21:27 av Nicolai Prebensen
Pressesjef for Landskytterstevnet 2019 i Evje, Øystein Moi. (Foto: Selfie fra bobilen)
Powered by Labrador CMS