Bildene er fra en nylig avholdt kontroll på Tangvall i Søgne. (Foto: Nicolai Prebensen)

«Påskehilsen fra politiet i Setesdal»

  Nicolai Prebensen
  12. apr 2019
  13:06
Politiet i Setesdal har denne påsken sendt ut en melding på sine Facebook-sider om at de vil inngå et kompromiss med påsketrafikantene, nesten.

I innlegget skriver de:

«Politiet i Setesdal ønskjer i år å inngå eit kompromiss med påsketrafikantane!

Ein artig observasjon vi har gjort oss er at nokre sjåførar synest å ha ein tanke om at «alle andre trafikantar er mine motstandarar og jobbar mot meg. Men EG skal fyrst, EG spelar for meg sjølv!»

(For å ikkje skape misforståingar så vil vi også nemne at dei fleste køyrer fint, så dette gjeld ikkje alle!)

- Viser omsyn
Men så dukkar det brått opp ein politikontroll langs vegen. DÅ spelar folk plutseleg på lag og viser omsyn til kvarandre ved å varsle trafikk som køyrar inn i kontrollen!

Difor tenkte vi i år å forslå fylgjande kompromiss:

Kva med at alle lovar å syne same lagånd og omsyn elles i trafikken som når ein varslar om politikontrollar? Så lovar vi å slutte med laserko….

…Nei, det vil vi ikkje. Laserkontrollar blir det åkkesom! Så dette blir meir ein førespurnad enn eit kompromiss.

Kan alle vise omsyn til kvarandre, spele på lag og ikkje bryte fartsgrensene? Då brukar det som regel å gå bra.

God påske til alle saman!, skriver politiet i Setesdal.

Bildene er fra en nylig avholdt kontroll på Tangvall i Søgne. (Foto: Nicolai Prebensen)




Annonse

Publiseringsløsning levert av UENO      Om personvern på www.n247.no