Når alt klaffar, to små syklistar

Publisert

I august 2018 samlet Søgne CK inn sykler og sykkelutstyr som klubben sammen med setesdølen Jan Olsen videresendte til Cuba. Olsen har i nesten 20 år drevet innsamling av sykler og utstyr som er sendt til Cuba, et land der tilgangen til denne type utstyr er svært begrenset. 
Nå er sykler og utstyr fra Søgne sammen med annet innsamlet utstyr kommet frem til mottakere på den andre siden av Atlanterhavet. Jan Olsen formidler i denne artikkelen som N247 har fått anledning til å dele, noen av inntrykkene fra turen og spesielt om den flunkende nye sykkelen Søgne CK sendte med på lasset. 
- Jeg skriver normalt ikke selv på nynorsk, men har opplevd at det er lettere å få stoffet inn i avisen Setesdølen når jeg benytter denne målformen, sier Olsen til N247. 
N247 gjengir Olsens artikkel på «originalspråket»
Sykkelen, frå sykkelinnsamlar i særklasse, Geir Schipper på Tamburodden i Arendal, skein i morgonsola bak på tilhengaren til mekanikar Javier. Me var tidleg ute denne sundagsmorgonen, ein gjeng syklistar på veg til fotballfestival i Pueblo Nuevo.
Javier hadde synt meg bilete av ei jente på seks, ei av alle dei som har svært lite av gods og gull, som bur avsides og som har ein uoppnåleg draum om ein sykkel, - med andre ord ein god kandidat.
Eg hadde fått sykkeldrakter i storleik for barn, både frå Dalane SK og Søgne CK. Cubanske jentungar er tidleg opptekne av korleis dei kler seg, så eg tok med båe draktene slik at jentungen kunne vele. 
Så stod ho der då, ein fattig liten jentungen i ny Dalane-drakt og skein om kapp med både sola og Schipper-sykkelen, og då skulle vel alt vere greit.
Men så var det berre det, at jentungen hadde ein besteven, eit år yngre, i nabohuset, ein liten kar som ingen hadde fortalt oss om. Det kunne ha vore trasig, men ikkje denne dagen. For han tykte den ljoseblå drakta frå Søgne CK var vel så flott. Og ikkje berre det, eg kunne fortelje han at Finn Olsen og Søgne CK hadde gjeve oss ein flunk ny sykkel. Han måtte berre vente til dagen etter.
Dagen etter svinga ein tandemsykkel med tilhengar inn i tunet, og bak på hengaren stod Søgne CK-sykkelen. Verdas gladaste gutunge kunne forsikre oss om at, nei då, sykkelen er ikkje for høg til meg, ikkje i det heile teke, sjå her eg kan berre stoppe ved trappa.
Det einaste som kunne vore endå betre, var dersom Finn Olsen sjølv kunne vore med og sett på. Då ville han ha sett ekte sykkelglede og han hadde forstått kvifor eg håper at Søgnefolk som no veit at poden må ha ny sykkel i vår, sender meg ein sms og fortel at ein liten cubanar kan få den sykkelen som poden har vakse i frå.
Jordalsbø, Bygland, 20. mars 2019, helsing Jan Olsen , dugnadsleiar.
- Så stod ho der då, ein fattig liten jentungen i ny Dalane-drakt og skein om kapp med både sola og Schipper-sykkelen. (Foto: Jan Olsen)
Powered by Labrador CMS