Ikke ring 112 hvis ......

Publisert

Politiet i Setesdal har sin egen side på Facebook. Tirsdag ble stykket under publisert på denne siden. Som det fremgår får politiet mange henvendelser som ikke kan betegnes som nødsituasjoner. 
Politiets operasjonssentral handterer mange ulike førespurnader. Det er alt frå spørsmål om enkle ting, til alvorlege hendingar.
For å kunne sortere ut kva som er tidskritisk og kva som kan vente har politiet to telefonnumre. Desse er 112 og 02800.
02800 brukast ved førespurnader som ikkje er akutt. Til dømes hvis du kjem til hytta og ser at det har vore innbrot, skadeverk på bil, støy, andre spørsmål som pass, våpensøknad etc. Altså ting som kan vente.
112 ringer ein viss ein er i nød og trenger umiddelbar hjelp. Til dømes hvis du har hamna i ei trafikkulukke, ved pågåande innbrot, nettopp er rana, truga eller liknande.
Under følgjer eit lite knippe døme på kva 112 IKKJE skal brukast til. (Ja, dette er døme på meldingar som faktisk er ringde inn)
- spørje om kva tida er fordi du har mista klokka di
- spørje om å bli køyrd heim fordi det er lang taxikø 
- be om hjelp til å komme inn på ein utestad du nettopp er kasta UT ifrå
- Når dama du har treft på byen ikkje vil bli med deg heim
- Når straumen er borte, og likevel seier at du står og steiker fisk etter du blir forklåra forskjellen på politiet og straumselskapet, er det like lite ei nødsituasjon.
- Når vinmonopolet opnar på 17. mai
- For å bli satt over til 02800
- For å fjerne ei måke som nyleg landa på verandaen din
- Fordi du ikkje fekk svar på 02800, og bare skal spørje om reglane om nødpass
Årsaka til at ein av og til ikkje får raskt svar på 02800 er fordi vi må prioritere 112 samtaler. Ved å ringe 112 unødvendig går det ut over folk som faktisk trenger umiddelbar hjelp. Det er ikkje ei ubegrensa mengde personar som besvarer telefoner. Då er det diverre slik at ein må akseptere ei viss ventetid hvis ein har spørsmål og førespurnader som ikkje haster.
Sist oppdatert 24.05.2017 klokken 14:43 av Nicolai Prebensen
Powered by Labrador CMS